Thursday, September 13, 2007

Regntid

Det kan sjå ut som om det vert nokre rolege dagar resten av denne veka. Som sagt er folk enno ikkje kome seg heilt over milleniumsfeiringa, så alle offentlege kontor er stengde.

Eg planlegg å starte med jogging i dag. Sidan eg vart så svimmel under fotvolleyballen la eg det litt på hylla, men no trur eg tida er inne;) Det regnar ute. Regntida er visst ikkje heilt over. Eg får vente på litt opphaldsvêr. Regnet varer ikkje så lenge. Det er ikkje bergenstilstandar.. Hjelp, der torna det…

 

Thomas Moss

- just do it

Posted by Mswati at 11:48:21 | Permalink | Comments (1) »

Wednesday, September 12, 2007

Millenium millemjell’m

Det er tid for, for andre gong, å ønskje alle eit lukkeleg nytt årtusen, vi har nemleg nettopp gått inn i år 2000 i Etiopia. Nyttårsaftan var i går kveld.

 

            Vi får ta hendingane i kronologisk rekkjefølgje, og då starta gårsdagen (eller natta) med ein vasslekkasje. Eg vakna i 24 tida natt til i går av ein underleg ”drypp, drypp” lyd, som kom frå andre enden av rommet. Eg slo på lyset, og fant at det rann store mengder vatn ned frå taket i motsatt ende av rommet. Eg bar ut TV apparat og det som var for å redde stumpane. Faktisk låg det 2000 skjema for hovudomkrins i denne delen av rommet, men desse var heldigvis ikkje våte (!). Sidan det var midt på natta tok eg sjansen på å vente til morgonen med å skaffe hjelp. På morgonkvisten tok eg kontakt med vedlikehaldsavdelinga på sjukehuset og fekk med nokon til å sjå på problemet. Først trudde vi at lekkasjen var i mitt rom, men det viste seg snart at problemet låg ein etasje lenger oppe, i leilegheita over meg. Då vi kom inn i den fant vi eit rom fullt av vatn. Det var ein vassrøyr som var sprunge lekk. Vi skrudde litt på dette, og ca. 3 timar seinare stoppa ”drypp, dryppet” nede hos meg…         

 

            No var det langt på dag, og eg vart invitert med på undervisning i kapellet. Her fekk eg eit innblikk i tuberkulosesituasjonen i Etiopia, som er ein heilt anna enn i Noreg. Medan vi nesten ikkje har dette problemet, er dei offisielle tala her at 25% av befolkninga har TB. Mellom 5 – 10 % av dette er multiresistent TB.

 

            Deretter bar det ut på byen for å få med seg etiopiarane si nyttårsfeiring. Eg fekk vere med eit norsk par som er på ferie her, som vart invitert ut av ein etiopiar frå sjukehuset. Dette vart ei oppleving eg seint gløymer.

 

Millenium millemjell’m. (”Millenium – det skjer eigentlig ikkje så mykje nytt”). Dette er eit kjent ordspel på gata, og har i seg ein ironi på styresettet i Etiopia. Den politiske situasjonen er komplisert, og i eit land med over 80 forskjellige stammer der alle har si eiga identitetskjensle er det ikkje berre enkelt. Milleniumsfeiringa føregjekk på to nivå: Ei for dei rike som har råd til å betale 1000-1500 kroner for feiring på luksushotella i byen, eller i den praktfulle ”milleniumhall”, som er bygd for anledninga. I sistnemnde var det praktfull feiring med statsleiarar frå mange land. Den andre er for ”folket i gata”, og det var denne vi velde å delta i. Vi hadde avtala å møtast på ein lokal kafé, og gjekk derifrå inn til sentrum. Her vart vi ståande på utsida av ”milleniumhall” og sjå på kolonnar av ”CIA cheavy’s” som i høg fart og med blinkande lys frakta VIP’s inn til rikmannsfeiringa. Sikkerheita var enorm, med avstengt hovudgate og politimenn for kvar tiande meter.

 

Deretter åt vi middag på ein finare restaurant, før vi avslutta kvelden med det verkelege høgdepunktet. Vi vart tekne med til ein lokal uteplass med live musikk. Her var stemninga høg. Etiopia har ein heilt spesiell musikkstil som er ei blanding av reagge og afrikansk. Vi var sikkert 500 menneskje samla i ein koseleg kjellar, og her var rytmefaktoren verkeleg høg. Etiopiarane dansar ved å vrikke på skuldrene. Ganske så kult! Kan vise når eg kjem heim.

 

På vegen fekk vi og med oss litt av direktesendinga frå ”milleniumhall”. Her tala blant anna ein professor som er leiar for AU (African Union, som har HQ her i Addis). Han heldt ei verkeleg god tale, og nokre ord brente seg fast hos meg: ”vi ønskjer eit nytt millenium velkomen, eit nytt millenium med håp for Afrika!”

 

I byråkratijungelen er de lett å bli håplaus, så dette var viktige ord. Måtte dei vere sanne.    

 

 

 

 

Thomas Moss

 

- Godt nytt år(tusen)

 

Posted by Mswati at 13:07:20 | Permalink | Comments (2)

Monday, September 10, 2007

The Official Bergen Book

I går kveld var eg for første gang med dei koreanske voluntørane her på såkalla ”fotvolleyball”, noko som eigentleg er fryktelig artig. Det heile liknar veldig på volleyball, men som namnet seier har ein berre lov å bruke fot og hovud. Til og med leiaren for sjukehuset er med, og det heile vert teke svært seriøst. Då eg i byrjinga gjorde ein del feil, fekk eg høyre det, gjett om;) Korea har verneplikt, og ”fotvolleyball” er visstnok ei viktig del av den.

            Eg kom fort inn i spelet, og til slutt gjekk laget mitt av med sigeren. Byen ligg på ca. 2500 m.o.h. og det merkast ved all fysisk aktivitet. Under ”fotvolleyballen” svimla det for meg rett som det var. Er nok den berykta Addissjuka. Addis Abeba er visstnok ein av få byar i Afrika ein kan fly inn til og bli høgdesjuk:) Erytrocyttproduksjonen er nok på full veg opp… Med tida skal eg prøve litt forsiktig morgonjogg.

            Vi snakka med ledarane på universitetssjukehuset i byen i dag, og det byrjar å sjå litt lysare ut for prosjektet. I beste fall er vi i full gang med målingar om 2-3 vekers tid. Tida fram til då får brukast på å gjere seg kjent i byen, og lære det ein klarar av språk, som jo er kjekt. Det er litt av eit byråkrati her, men ein må vel berre lære seg å leve med det. 

             Elles vil eg nytte høve til å gratulere superkusina mi Maria med dagen. Presang får kome litt seinare! Dumt eg ikkje kunne være med i går. Eg håpar å få til eit etiopisk simkort kanskje i morgon, så kan vi snakkast vi SKYPE/tlf. 

            Eg må og leggje til at etter forvolleyballen i går vart eg ståande å snakke med koreanarane her om Noreg. Kona til leiaren her hadde vore der i sumar, då dei har ei dotter som er sopran i Moskva. Tilfeldigvis er det ei bok i matsalen her som heiter ”The official Bergen Book”. Den har svært fine bilete, alle av byen i solskin sjølvsagt - dei skulle berre visst.  Eg måtte forklare fjordar, isbrear, Grieg, osb. Det heile enda med at eg inviterte dei til Nyutlætre. Hehe. Så no kan de berre reie opp for ei busslast med koreanarar;)

 

Thomas Moss - footvolleyballplayer

 

Posted by Mswati at 20:02:43 | Permalink | Comments (1) »

Friday, September 7, 2007

Kaffiens heimland

Stod opp 07.30 for å finne ut at det var heilt umogleg å kome seg inn på badet. Døra var gått i vranglås. Uvaska og ubarbert gjekk eg på morgonmøte i kapellet. Eg kan ikkje seie at eg hadde ei heilt god kjensle. Denne karen treng ein kald dusj for å vakne…

Møtet vart avslutta med ein kaffikopp som var svært god. Etiopisk kaffi med mjølk i. Hugsar ikkje namnet her og no, men skal finne det ut.

 

            Etter morgonmøtet fekk eg tak i ein som hjelpte meg med toalettdøra. Han hadde ein eller anna vidunderspray som han spraya eit spray inn i nøkkelholdet med, vips så hadde eg tilgang til toaletthimmelen. Tannpuss, dusj og det som høyrer med. No bar det rett til sjefen for helsestasjonane i Addis, berre det at han ikkje var tilstades på kontoret. Det vart altså vendereis med uforretta sak, men vi har fått avtalt ei nytt møte på måndag.

 

            Eg har kanskje ikkje nemnt at eg oppheld meg i kaffien sitt heimland. Kaffien her er enormt god! Kaffibønene vert mala på bordet, og går rett i  kaffitraktaren.

 

            På ettermiddagen ville eg prøve å skaffe meg eit etiopisk simkort til mobiltelefonen, slik at det vert litt billegare å ringe både lokalt her, og til Noreg (bli oppringt frå Noreg). Det er ganske mykje byråkrati her, og for å få dette måtte eg levere inn kopi av pass, med underskrift frå sjefen på kontoret. Han var ikkje til stades, og eg må derfor kome tilbake seinare.  

 

            I kveld sat eg barnevakt og fekk samstundes eit lynkurs i amharisk, så no kan eg seie dei enklaste orda, og litt meir avanserte setningar som til dømes ”eg skal ha toalettpapir” (”Jeshimtebet warrekatt alle”) (Det siste ordet betyr to ulike ting alt etter om ein går opp eller ned i tonefall i siste ledd. Eg har vs. eg skal ha.). Eg kan og telje til titusen ( I teorien).

 

 

Chiao (Hade)

 

 

Thomas Moss

 

 

- Now with an open toilet

 

 

 

Posted by Mswati at 21:37:33 | Permalink | Comments (1) »

Thursday, September 6, 2007

Ny blome

Addis Abeba tyder dette, ny blome. Den er oppkalt etter ei dronning som kom hit for ca. hundre år sidan. “Her vil eg byggje og bu” tenkte ho. Vips. 100 år seinare er det over 4-5 millionar innbyggjarar, heilt enormt med trafikk og yrande liv. 

Dagen i dag kort oppsummert: Operasjonsstova - immigrasjonskontoret - Sheraton hotell for Birruttak - liten rundttur i sentrum - tilbake til immigrasjonskontoret - tilbake til sykehuset. PCarbeid. Senga neste:)

Ellers skal vi møte sjefen for helsestasjonane i morgon og kanskje kome i gang med prosjektet. Det mykje refererte til “prosjektet” går altså ut på å lage ein referanse for hovudomkrinsutvikling her i Addis. Dette er for å kunne behandle hydrocephalus på eit tidleg stadium. Det finst mange born her med langtkomen hydrocephalus. Ei god side om hydrocephalus: http://www.ryggmargsbrokk.org/data/f/0/04/60/4_2401_0/hefte.pdf

Thomas Moss - Chasing mosquitos in his room

Posted by Mswati at 20:13:34 | Permalink | Comments (2)

Tuesday, September 4, 2007

Ischi!

Ok, det vert nok ikkje skrive slik på amharisk, men ordet over tyder ”OK, alt bra, i orden” og vert bruka mykje. Det kan eg og gjerne gjere, for alt er OK.

Etter ei lang flyreise landa vi i går kveld. Eg bur for tida ved sjukehuset, og har det veldig bra her. I dag har eg  vore med på operasjonsstova. Dei komande dagane er håpet å kome i gang med prosjektarbeidet. Det går mot millenium i Etiopia. På flyet vart eg sitjande ved sida av ein etiopisk familie frå Noreg, som skulle feire i Etiopia. Svært mange kjem heim frå heile verda for å delta i overgangen til det nye milleniet, som skjer på datoen vi kjenner som 11. september.

No må eg få meg litt søvn. Det tek på å reise så langt.

PS! Ikkje ring meg på det norske mobilnummeret. Eg skal sjå om eg kan få til eit SKYPE opplegg.

 

Thomas Moss

- born in Africa, back in Africa

 

Posted by Mswati at 18:37:09 | Permalink | No Comments »

Takeoff

Gardermoen p.m.

 

 

Etter langt om lenge, og lenger enn langt er eg no innkvartert på Gardermoen. Har funne meg eit koseleg hjørne på flyplassen. Har tilgang til både internett, telefon og direktesending av tippeligaen (enn så lenge..), så betre kan eg ikkje ha det.

 

Eg hadde eigentleg tenkt ei natt på hotell, men etter ei kort prisringerunde, fann eg ut at vestre hjørne av Oslo lufthamn har ein mykje betre komfort, og langt lågare pris. (Gratis vs. NOK 1350,- på SAS Radisson)  Då eg likevel må sjekke inn i halv fem tida er det uansett ikkje snakk om noko kvalitetssøvn. Knapt nok REM –stadiet…

 

            Litt av grunnen til at eg enda opp her var at eg og møtte nokre trivelege jenter, deriblant ei tidlegare klasseveninne, som var på veg heim etter ferie i Kroatia. Vi fekk tida til å gå i godt selskap, i eit hjørne av Noregs hovudflyplass.

 

   

 

Planen vidare er følgjande:

 

                  

 

                                          00.00: Forlate PC’en og innta Jon Blund i ein sovestol eit steinkast frå hjørnet mitt (heretter kalla HQ).

 

 

                                          04.30: Stå opp. Pusse tennene. Leite etter reisekompanjongen min, og sjekke inn til flight LH3137.

 

 

Resieruta er då som følgjer:

 

 

OSLO – FRANKFURT     06:25am-08:25am

 

FRANKFURT – KHARTOUM    10:55am – 5:50pm

 

KHARTOUM – ADDIS ABABA 6:50pm – 8:45pm

 

 

LEV VEL

 

Thomas Moss

-         flyplassturist

 

 

Posted by Mswati at 17:03:31 | Permalink | No Comments »