Møte med ein konge
Her om dagen gjekk eg visitt saman med Dr. Gabriel. Brått seier han: ” No skal de få møta ein konge.” Eg trudde han tulla, og då vi sette kursen mot sjukehusdirektøren sitt kontor tenkte eg at det kanskje var direktøren sjølv som var ”kongen”.
Eg tok feil. Inne på kontoret sat det ein lys levande konge i full mundur. Kappe, gullsmykke, ringar og eit langt kvitt, kongeleg skjegg. Han var den øvste leiaren for ei av stammene i landet; det vil seie for over fire millionar menneske. No var han kome til Addis for å prøve å få koreanarane som driv sjukehuset her i byen til og å ta over eit sjukehus i området han regjerer over. Dette har stått nesten tomt i lang tid, og fungerer pr. i dag som eit lækjarkontor, fordi ein manglar personale og nokon til å drive sjukehuset. Eit lækjarkontor med god plass med andre ord..
Stamma som denne kongen representerer er fasinerande: Ho er faktisk den mest demokratiske i landet. Leiaren, dvs. kongen, får folket si støtte i ei folkerøysting, og kan då sitje på folket si nåde i åtte år, før ein ny konge kan veljast. Tittelen følgjer ikkje familiære band, så dette vert altså demokrati.
Kongen på kontoret sa ikkje så mykje sjølv. Han hadde med seg ein eigen sekretær som ordna det meste. Slik gjekk det altså til at vi fekk audiens hos kongen; om enn ikkje den norske. Eller kanskje var det visitt?
Thomas Moss
- ”hoffreporter”

