3 dagar i paradis
Vi skriv i dag den 24. september og det har vore stille frå min kant ei stund. Det er fordi eg har vore i paradis. Langano. Ikkje nokon tilgang til internett eller telefondekning, men det hadde og teke noko av sjarmen.
Vi køyrer i fleire timar ut frå den bråkete storbyen. Turen går nedover, for storbyen ligg over 2400 moh. Det faktum at han gjer dette, fører til at bilane ikkje brenn drivstoffet fullstendig, og eit svart teppe av eksos kan sjåast i bakspegelen på bilen.
Trafikken er utrulig. Folk og dyr kryssar vegen heile tida. Bilane køyrer fort. Langs vegen kan ein kjøpa alt mogleg. Folk står og tilbyd varene sine i vegkanten, med livet som innsats. Rett som det er må det tutast på folk eller dyr som av ein eller anna grunn står midt i vegen. Av og til vert dyr jaga ut i vegen for at dei skal bli påkøyrde av ”forengis”. Dette kan gje gode pengar i ein slunken kasse…
Hestar står ofte midt i vegen. Ein eller annan kom på at kanskje dei gjer dette fordi dette er den einaste plassen dei får fred!?
Etter fleire timars køyring tek vi av frå hovudvegen. No set vi kursen innover ein veg som når det regnar sikkert er eit elveleie. Rundt oss er det store sletter fylde av karakteristiske akazietre. Snart vert ein port opna og ei lita hytte kjem til syne. Vi er framme i Langano.
Hytta ligg like ved langanosjøen, og dette er ein av dei få innsjøane i Etiopia ein kan bade i. Sjøen er svært basisk, og schistosomiasis er derfor ikkje noko problem her. Om kvelden sitt vi rundt bålet og fortel røvarhistorier. Dagane går med til bading, vasski, segling, jogging og mykje god mat. Naturen er fantastisk. Grashoppene summar konstant i bakgrunnen. Bak hytta går ein lang fjellrygg som eg mistenkjer det hadde vore mogleg å bolte klatreruter i.
Langano er malariaområde og med dette følgjer myggnett, malariaprofylakse, og ”mosquitokiller” (som og er bra på edderkoppar, kakerlakkar og anna småkryp..) I skumringstimen spring alle og kler på seg så bere hender og ansikt er potensielle målområde for myggen ”Marius Malarius”. Eg finn eigentleg myggnett sjarmerande. Ein ligg der innhylla i kvitt, og høyrer på summinga til einsame Marius Malarius der ute i mørket. Samstundes er det litt frykt knytt til det heile. Ei ørlita frykt for at Marius skal ha frendar på innsida av nettet. Mosquitokiller drep frykten. Nok om malaria.
Segling er ein fasinerande sport. Vi hadde ein svært liten seglbåt til rådvelde, kanskje ikkje meir enn 12 fot. Den første dagen var det labert med vind, så farten vart ikkje så stor. Dag 2 derimot blåste det ei stund verkeleg bra og vi var nok oppe i 10 knop av og til. Det er ei god kjensle når vinden tek tak i seglet, sola varmar naken hud (med alt for lite solfaktor på), det skvulpar langs båtsida, og båten skyt fart. Alt heilt i pakt med naturen. Ikkje noko forureining, og heilt lydlaust.
Å springe på slettene her er og spesielt. ”Do you know Haile Gebre Selassie?”, han er den store helten. Klart kjenner vi han;)
Thomas Moss
- Ship o’ hoi


Du er vel ikkje akkurat på heimlige trakter (Kenya/Swazi), men Afrikafølelsen er vel der.
Her heime er det eit skikkelig grisever, men nå loves det fint fra onsdag. Sjølv om hjorten er komme i frysen hos meg også, så skal eg ha avspasering neste veke, og då reiser Jonny og eg innatt for å hogge tømmer...
Ha det fint vidare! Skal følga med deg.
Helsing onkel pt Stavanger. (Comment this)