Wednesday, September 12, 2007

Millenium millemjell'm

Det er tid for, for andre gong, å ønskje alle eit lukkeleg nytt årtusen, vi har nemleg nettopp gått inn i år 2000 i Etiopia. Nyttårsaftan var i går kveld.

 

            Vi får ta hendingane i kronologisk rekkjefølgje, og då starta gårsdagen (eller natta) med ein vasslekkasje. Eg vakna i 24 tida natt til i går av ein underleg ”drypp, drypp” lyd, som kom frå andre enden av rommet. Eg slo på lyset, og fant at det rann store mengder vatn ned frå taket i motsatt ende av rommet. Eg bar ut TV apparat og det som var for å redde stumpane. Faktisk låg det 2000 skjema for hovudomkrins i denne delen av rommet, men desse var heldigvis ikkje våte (!). Sidan det var midt på natta tok eg sjansen på å vente til morgonen med å skaffe hjelp. På morgonkvisten tok eg kontakt med vedlikehaldsavdelinga på sjukehuset og fekk med nokon til å sjå på problemet. Først trudde vi at lekkasjen var i mitt rom, men det viste seg snart at problemet låg ein etasje lenger oppe, i leilegheita over meg. Då vi kom inn i den fant vi eit rom fullt av vatn. Det var ein vassrøyr som var sprunge lekk. Vi skrudde litt på dette, og ca. 3 timar seinare stoppa ”drypp, dryppet” nede hos meg...         

 

            No var det langt på dag, og eg vart invitert med på undervisning i kapellet. Her fekk eg eit innblikk i tuberkulosesituasjonen i Etiopia, som er ein heilt anna enn i Noreg. Medan vi nesten ikkje har dette problemet, er dei offisielle tala her at 25% av befolkninga har TB. Mellom 5 – 10 % av dette er multiresistent TB.

 

            Deretter bar det ut på byen for å få med seg etiopiarane si nyttårsfeiring. Eg fekk vere med eit norsk par som er på ferie her, som vart invitert ut av ein etiopiar frå sjukehuset. Dette vart ei oppleving eg seint gløymer.

 

Millenium millemjell’m. (”Millenium – det skjer eigentlig ikkje så mykje nytt”). Dette er eit kjent ordspel på gata, og har i seg ein ironi på styresettet i Etiopia. Den politiske situasjonen er komplisert, og i eit land med over 80 forskjellige stammer der alle har si eiga identitetskjensle er det ikkje berre enkelt. Milleniumsfeiringa føregjekk på to nivå: Ei for dei rike som har råd til å betale 1000-1500 kroner for feiring på luksushotella i byen, eller i den praktfulle ”milleniumhall”, som er bygd for anledninga. I sistnemnde var det praktfull feiring med statsleiarar frå mange land. Den andre er for ”folket i gata”, og det var denne vi velde å delta i. Vi hadde avtala å møtast på ein lokal kafé, og gjekk derifrå inn til sentrum. Her vart vi ståande på utsida av ”milleniumhall” og sjå på kolonnar av ”CIA cheavy’s” som i høg fart og med blinkande lys frakta VIP’s inn til rikmannsfeiringa. Sikkerheita var enorm, med avstengt hovudgate og politimenn for kvar tiande meter.

 

Deretter åt vi middag på ein finare restaurant, før vi avslutta kvelden med det verkelege høgdepunktet. Vi vart tekne med til ein lokal uteplass med live musikk. Her var stemninga høg. Etiopia har ein heilt spesiell musikkstil som er ei blanding av reagge og afrikansk. Vi var sikkert 500 menneskje samla i ein koseleg kjellar, og her var rytmefaktoren verkeleg høg. Etiopiarane dansar ved å vrikke på skuldrene. Ganske så kult! Kan vise når eg kjem heim.

 

På vegen fekk vi og med oss litt av direktesendinga frå ”milleniumhall”. Her tala blant anna ein professor som er leiar for AU (African Union, som har HQ her i Addis). Han heldt ei verkeleg god tale, og nokre ord brente seg fast hos meg: ”vi ønskjer eit nytt millenium velkomen, eit nytt millenium med håp for Afrika!”

 

I byråkratijungelen er de lett å bli håplaus, så dette var viktige ord. Måtte dei vere sanne.    

 

 

 

 

Thomas Moss

 

- Godt nytt år(tusen)

 

Posted by Mswati at 15:07:20 | Permanent Link | Comments (2) |
Comments
1 - aamätä mhrät
 (Comment this)

Written by: gunn at 2007/09/12 - 16:12:06
2 - aamätä mhrät
 (Comment this)

Written by: gunn at 2007/09/12 - 16:12:43
Write a comment