Takeoff
Etter langt om lenge, og lenger enn langt er eg no innkvartert på Gardermoen. Har funne meg eit koseleg hjørne på flyplassen. Har tilgang til både internett, telefon og direktesending av tippeligaen (enn så lenge..), så betre kan eg ikkje ha det.
Eg hadde eigentleg tenkt ei natt på hotell, men etter ei kort prisringerunde, fann eg ut at vestre hjørne av Oslo lufthamn har ein mykje betre komfort, og langt lågare pris. (Gratis vs. NOK 1350,- på SAS Radisson) Då eg likevel må sjekke inn i halv fem tida er det uansett ikkje snakk om noko kvalitetssøvn. Knapt nok REM –stadiet…
Litt av grunnen til at eg enda opp her var at eg og møtte nokre trivelege jenter, deriblant ei tidlegare klasseveninne, som var på veg heim etter ferie i Kroatia. Vi fekk tida til å gå i godt selskap, i eit hjørne av Noregs hovudflyplass.
Planen vidare er følgjande:
00.00: Forlate PC’en og innta Jon Blund i ein sovestol eit steinkast frå hjørnet mitt (heretter kalla HQ).
04.30: Stå opp. Pusse tennene. Leite etter reisekompanjongen min, og sjekke inn til flight LH3137.
Resieruta er då som følgjer:
OSLO – FRANKFURT 06:25am-08:25am
FRANKFURT – KHARTOUM 10:55am – 5:50pm
KHARTOUM – ADDIS ABABA 6:50pm – 8:45pm
LEV VEL
Thomas Moss
- flyplassturist