Monday, September 24, 2007

3 dagar i paradis

Vi skriv i dag den 24. september og det har vore stille frå min kant ei stund. Det er fordi eg har vore i paradis. Langano. Ikkje nokon tilgang til internett eller telefondekning, men det hadde og teke noko av sjarmen.

 

            Vi køyrer i fleire timar ut frå den bråkete storbyen. Turen går nedover, for storbyen ligg over 2400 moh. Det faktum at han gjer dette, fører til at bilane ikkje brenn drivstoffet fullstendig, og eit svart teppe av eksos kan sjåast i bakspegelen på bilen.

 

            Trafikken er utrulig. Folk og dyr kryssar vegen heile tida. Bilane køyrer fort. Langs vegen kan ein kjøpa alt mogleg. Folk står og tilbyd varene sine i vegkanten, med livet som innsats. Rett som det er må det tutast på folk eller dyr som av ein eller anna grunn står midt i vegen. Av og til vert dyr jaga ut i vegen for at dei skal bli påkøyrde av ”forengis”. Dette kan gje gode pengar i ein slunken kasse…

 

            Hestar står ofte midt i vegen. Ein eller annan kom på at kanskje dei gjer dette fordi dette er den einaste plassen dei får fred!?

 

            Etter fleire timars køyring tek vi av frå hovudvegen. No set vi kursen innover ein veg som når det regnar sikkert er eit elveleie. Rundt oss er det store sletter fylde av karakteristiske akazietre. Snart vert ein port opna og ei lita hytte kjem til syne. Vi er framme i Langano.

 

            Hytta ligg like ved langanosjøen, og dette er ein av dei få innsjøane i Etiopia ein kan bade i. Sjøen er svært basisk, og schistosomiasis er derfor ikkje noko problem her. Om kvelden sitt vi rundt bålet og fortel røvarhistorier. Dagane går med til bading, vasski, segling, jogging og mykje god mat. Naturen er fantastisk. Grashoppene summar konstant i bakgrunnen. Bak hytta går ein lang fjellrygg som eg mistenkjer det hadde vore mogleg å bolte klatreruter i.

 

            Langano er malariaområde og med dette følgjer myggnett, malariaprofylakse, og ”mosquitokiller” (som og er bra på edderkoppar, kakerlakkar og anna småkryp..) I skumringstimen spring alle og kler på seg så bere hender og ansikt er potensielle målområde for myggen ”Marius Malarius”. Eg finn eigentleg myggnett sjarmerande. Ein ligg der innhylla i kvitt, og høyrer på summinga til einsame Marius Malarius der ute i mørket. Samstundes er det litt frykt knytt til det heile. Ei ørlita frykt for at Marius skal ha frendar på innsida av nettet.  Mosquitokiller drep frykten. Nok om malaria.   

 

            Segling er ein fasinerande sport. Vi hadde ein svært liten seglbåt til rådvelde, kanskje ikkje meir enn 12 fot. Den første dagen var det labert med vind, så farten vart ikkje så stor. Dag 2 derimot blåste det ei stund verkeleg bra og vi var nok oppe i 10 knop av og til. Det er ei god kjensle når vinden tek tak i seglet, sola varmar naken hud (med alt for lite solfaktor på), det skvulpar langs båtsida, og båten skyt fart. Alt heilt i pakt med naturen. Ikkje noko forureining, og heilt lydlaust.

 

            Å springe på slettene her er og spesielt. ”Do you know Haile Gebre Selassie?”, han er den store helten. Klart kjenner vi han;)

 

 

Thomas Moss

 

 

- Ship o’ hoi

 

 

Posted by Mswati at 21:59:28 | Permanent Link | Comments (2) |

Saturday, September 15, 2007

Hello, hello!

Endeleg!

Turens første joggetur i boks. 3,2 km, eller 2705 skritt. Dvs. 1,18 m/skritt..

 

Turen gjekk utover nokre sletter nedanfor sjukehuset her. Det var mange som såg rart på meg, og eg fekk ein gjeng med ungar etter meg som ville kappspringe. ”Hello, hello”, ropa dei. Eg trur eg nesten kunne ha sprunge heilt bort til flyplassen (teoretisk, ikkje praktisk), men eg snudde ved ei bru ikkje så langt frå flyplasstårnet. Eg merka at eg klarar mykje mindre her enn heime. Byrjar å gispe etter luft mykje tidlegare, og klarar ikkje halde eit høgt tempo.

 

            Elles har eg ete ein ny type hotdog i dag. Eg veit ikkje om den er amerikansk eller koreansk, men den består altså av ei pølse på ei stang med brød utanpå (som ein kjærleik på pinne) og masse sukker utan på det heile. Veldig god, men heilt noko anna enn kva ”hotdog ” var i mitt hovud før denne spesielle opplevinga. Vart jo snacks!

 

            I morgon tidleg er eg invitert på frukost med påfølgjande kyrkjebesøk. Det er ei anna kyrkje enn førre søndag, og denne er visst litt større. Blir spanande.

 

             Eg har og vaska klede i dag. Det er berre kaldt vatn i vaskemaskinene her, så for sikkerheits skuld tok eg dei i ei bøtte for hand, der vatnet heldt ein høg temperatur. Litt betre kjensle å gå i kleda etterpå då;)

 

Thomas Moss

-  semper fidelis

 

Posted by Mswati at 19:22:57 | Permanent Link | Comments (0) |

Friday, September 14, 2007

U2, Oasis...and no oldies!

I dag stod eg seint opp, men det har regna nesten i heile dag så det gjorde ikkje så mykje. Dagens høgdepunkt var ”gitarjam” med ein av dei koreanske voluntørane. No er eg ikkje nokon Clapton på gitar, men klunke litt kan eg… Det viste seg at koreanaren kunne meir enn som så. Den eine slageren etter den andre. U2, Oasis, og til og med D’sound. Sistnemnde var einaste bandet frå Noreg han kjende til. Han hadde heller ikkje høyrt om Johnny Cash. ”I’m not so good with the oldies”, som han sa. Han hadde faktisk vore vokalist i eit band. Moro.

 

       

     Elles må eg avkrefte myten om at eg ligg i myggnett. Det finst ikkje malaria her i Addis Abeba, fordi byen ligg så høgt over havnivå. Malariamygg trivst best under 1500 m.o.h. Dette fører til at 35 dagars forbruk av Malarone vert liggjande urørt. Kanskje vert det brukt for dei om det skulle bli nokre utflukter til ”malariamygghøgdenivå”;) Eg går likevel av og til på ”myggjakt” før sengetid. Mygg som summar i stummande mørke er ”får-ikkje –sove” grunn nr. 2, rett etter vasslekkasje;)

 

Eg har ei fornemming for sol i morgon. Sol og varme;)

 

Thomas Moss

 

-   waiting for the sun

 

Posted by Mswati at 20:58:43 | Permanent Link | Comments (0) |

Thursday, September 13, 2007

Nytt tlf. nummer

+251912210971

 

Posted by Mswati at 14:31:57 | Permanent Link | Comments (0) |

Regntid

Det kan sjå ut som om det vert nokre rolege dagar resten av denne veka. Som sagt er folk enno ikkje kome seg heilt over milleniumsfeiringa, så alle offentlege kontor er stengde.

Eg planlegg å starte med jogging i dag. Sidan eg vart så svimmel under fotvolleyballen la eg det litt på hylla, men no trur eg tida er inne;) Det regnar ute. Regntida er visst ikkje heilt over. Eg får vente på litt opphaldsvêr. Regnet varer ikkje så lenge. Det er ikkje bergenstilstandar.. Hjelp, der torna det…

 

Thomas Moss

- just do it

Posted by Mswati at 13:48:21 | Permanent Link | Comments (1) |

Wednesday, September 12, 2007

Millenium millemjell'm

Det er tid for, for andre gong, å ønskje alle eit lukkeleg nytt årtusen, vi har nemleg nettopp gått inn i år 2000 i Etiopia. Nyttårsaftan var i går kveld.

 

            Vi får ta hendingane i kronologisk rekkjefølgje, og då starta gårsdagen (eller natta) med ein vasslekkasje. Eg vakna i 24 tida natt til i går av ein underleg ”drypp, drypp” lyd, som kom frå andre enden av rommet. Eg slo på lyset, og fant at det rann store mengder vatn ned frå taket i motsatt ende av rommet. Eg bar ut TV apparat og det som var for å redde stumpane. Faktisk låg det 2000 skjema for hovudomkrins i denne delen av rommet, men desse var heldigvis ikkje våte (!). Sidan det var midt på natta tok eg sjansen på å vente til morgonen med å skaffe hjelp. På morgonkvisten tok eg kontakt med vedlikehaldsavdelinga på sjukehuset og fekk med nokon til å sjå på problemet. Først trudde vi at lekkasjen var i mitt rom, men det viste seg snart at problemet låg ein etasje lenger oppe, i leilegheita over meg. Då vi kom inn i den fant vi eit rom fullt av vatn. Det var ein vassrøyr som var sprunge lekk. Vi skrudde litt på dette, og ca. 3 timar seinare stoppa ”drypp, dryppet” nede hos meg...         

 

            No var det langt på dag, og eg vart invitert med på undervisning i kapellet. Her fekk eg eit innblikk i tuberkulosesituasjonen i Etiopia, som er ein heilt anna enn i Noreg. Medan vi nesten ikkje har dette problemet, er dei offisielle tala her at 25% av befolkninga har TB. Mellom 5 – 10 % av dette er multiresistent TB.

 

            Deretter bar det ut på byen for å få med seg etiopiarane si nyttårsfeiring. Eg fekk vere med eit norsk par som er på ferie her, som vart invitert ut av ein etiopiar frå sjukehuset. Dette vart ei oppleving eg seint gløymer.

 

Millenium millemjell’m. (”Millenium – det skjer eigentlig ikkje så mykje nytt”). Dette er eit kjent ordspel på gata, og har i seg ein ironi på styresettet i Etiopia. Den politiske situasjonen er komplisert, og i eit land med over 80 forskjellige stammer der alle har si eiga identitetskjensle er det ikkje berre enkelt. Milleniumsfeiringa føregjekk på to nivå: Ei for dei rike som har råd til å betale 1000-1500 kroner for feiring på luksushotella i byen, eller i den praktfulle ”milleniumhall”, som er bygd for anledninga. I sistnemnde var det praktfull feiring med statsleiarar frå mange land. Den andre er for ”folket i gata”, og det var denne vi velde å delta i. Vi hadde avtala å møtast på ein lokal kafé, og gjekk derifrå inn til sentrum. Her vart vi ståande på utsida av ”milleniumhall” og sjå på kolonnar av ”CIA cheavy’s” som i høg fart og med blinkande lys frakta VIP’s inn til rikmannsfeiringa. Sikkerheita var enorm, med avstengt hovudgate og politimenn for kvar tiande meter.

 

Deretter åt vi middag på ein finare restaurant, før vi avslutta kvelden med det verkelege høgdepunktet. Vi vart tekne med til ein lokal uteplass med live musikk. Her var stemninga høg. Etiopia har ein heilt spesiell musikkstil som er ei blanding av reagge og afrikansk. Vi var sikkert 500 menneskje samla i ein koseleg kjellar, og her var rytmefaktoren verkeleg høg. Etiopiarane dansar ved å vrikke på skuldrene. Ganske så kult! Kan vise når eg kjem heim.

 

På vegen fekk vi og med oss litt av direktesendinga frå ”milleniumhall”. Her tala blant anna ein professor som er leiar for AU (African Union, som har HQ her i Addis). Han heldt ei verkeleg god tale, og nokre ord brente seg fast hos meg: ”vi ønskjer eit nytt millenium velkomen, eit nytt millenium med håp for Afrika!”

 

I byråkratijungelen er de lett å bli håplaus, så dette var viktige ord. Måtte dei vere sanne.    

 

 

 

 

Thomas Moss

 

- Godt nytt år(tusen)

 

Posted by Mswati at 15:07:20 | Permanent Link | Comments (2) |

Monday, September 10, 2007

The Official Bergen Book

I går kveld var eg for første gang med dei koreanske voluntørane her på såkalla ”fotvolleyball”, noko som eigentleg er fryktelig artig. Det heile liknar veldig på volleyball, men som namnet seier har ein berre lov å bruke fot og hovud. Til og med leiaren for sjukehuset er med, og det heile vert teke svært seriøst. Då eg i byrjinga gjorde ein del feil, fekk eg høyre det, gjett om;) Korea har verneplikt, og ”fotvolleyball” er visstnok ei viktig del av den.

            Eg kom fort inn i spelet, og til slutt gjekk laget mitt av med sigeren. Byen ligg på ca. 2500 m.o.h. og det merkast ved all fysisk aktivitet. Under ”fotvolleyballen” svimla det for meg rett som det var. Er nok den berykta Addissjuka. Addis Abeba er visstnok ein av få byar i Afrika ein kan fly inn til og bli høgdesjuk:) Erytrocyttproduksjonen er nok på full veg opp… Med tida skal eg prøve litt forsiktig morgonjogg.

            Vi snakka med ledarane på universitetssjukehuset i byen i dag, og det byrjar å sjå litt lysare ut for prosjektet. I beste fall er vi i full gang med målingar om 2-3 vekers tid. Tida fram til då får brukast på å gjere seg kjent i byen, og lære det ein klarar av språk, som jo er kjekt. Det er litt av eit byråkrati her, men ein må vel berre lære seg å leve med det. 

             Elles vil eg nytte høve til å gratulere superkusina mi Maria med dagen. Presang får kome litt seinare! Dumt eg ikkje kunne være med i går. Eg håpar å få til eit etiopisk simkort kanskje i morgon, så kan vi snakkast vi SKYPE/tlf. 

            Eg må og leggje til at etter forvolleyballen i går vart eg ståande å snakke med koreanarane her om Noreg. Kona til leiaren her hadde vore der i sumar, då dei har ei dotter som er sopran i Moskva. Tilfeldigvis er det ei bok i matsalen her som heiter ”The official Bergen Book”. Den har svært fine bilete, alle av byen i solskin sjølvsagt - dei skulle berre visst.  Eg måtte forklare fjordar, isbrear, Grieg, osb. Det heile enda med at eg inviterte dei til Nyutlætre. Hehe. Så no kan de berre reie opp for ei busslast med koreanarar;)

 

Thomas Moss - footvolleyballplayer

 

Posted by Mswati at 22:02:43 | Permanent Link | Comments (1) |

Friday, September 07, 2007

Kaffiens heimland

Stod opp 07.30 for å finne ut at det var heilt umogleg å kome seg inn på badet. Døra var gått i vranglås. Uvaska og ubarbert gjekk eg på morgonmøte i kapellet. Eg kan ikkje seie at eg hadde ei heilt god kjensle. Denne karen treng ein kald dusj for å vakne...

Møtet vart avslutta med ein kaffikopp som var svært god. Etiopisk kaffi med mjølk i. Hugsar ikkje namnet her og no, men skal finne det ut.

 

            Etter morgonmøtet fekk eg tak i ein som hjelpte meg med toalettdøra. Han hadde ein eller anna vidunderspray som han spraya eit spray inn i nøkkelholdet med, vips så hadde eg tilgang til toaletthimmelen. Tannpuss, dusj og det som høyrer med. No bar det rett til sjefen for helsestasjonane i Addis, berre det at han ikkje var tilstades på kontoret. Det vart altså vendereis med uforretta sak, men vi har fått avtalt ei nytt møte på måndag.

 

            Eg har kanskje ikkje nemnt at eg oppheld meg i kaffien sitt heimland. Kaffien her er enormt god! Kaffibønene vert mala på bordet, og går rett i  kaffitraktaren.

 

            På ettermiddagen ville eg prøve å skaffe meg eit etiopisk simkort til mobiltelefonen, slik at det vert litt billegare å ringe både lokalt her, og til Noreg (bli oppringt frå Noreg). Det er ganske mykje byråkrati her, og for å få dette måtte eg levere inn kopi av pass, med underskrift frå sjefen på kontoret. Han var ikkje til stades, og eg må derfor kome tilbake seinare.  

 

            I kveld sat eg barnevakt og fekk samstundes eit lynkurs i amharisk, så no kan eg seie dei enklaste orda, og litt meir avanserte setningar som til dømes ”eg skal ha toalettpapir” (”Jeshimtebet warrekatt alle”) (Det siste ordet betyr to ulike ting alt etter om ein går opp eller ned i tonefall i siste ledd. Eg har vs. eg skal ha.). Eg kan og telje til titusen ( I teorien).

 

 

Chiao (Hade)

 

 

Thomas Moss

 

 

- Now with an open toilet

 

 

 
Posted by Mswati at 23:37:33 | Permanent Link | Comments (1) |

Thursday, September 06, 2007

Ny blome

Addis Abeba tyder dette, ny blome. Den er oppkalt etter ei dronning som kom hit for ca. hundre år sidan. "Her vil eg byggje og bu" tenkte ho. Vips. 100 år seinare er det over 4-5 millionar innbyggjarar, heilt enormt med trafikk og yrande liv. 

Dagen i dag kort oppsummert: Operasjonsstova - immigrasjonskontoret - Sheraton hotell for Birruttak - liten rundttur i sentrum - tilbake til immigrasjonskontoret - tilbake til sykehuset. PCarbeid. Senga neste:)

Ellers skal vi møte sjefen for helsestasjonane i morgon og kanskje kome i gang med prosjektet. Det mykje refererte til "prosjektet" går altså ut på å lage ein referanse for hovudomkrinsutvikling her i Addis. Dette er for å kunne behandle hydrocephalus på eit tidleg stadium. Det finst mange born her med langtkomen hydrocephalus. Ei god side om hydrocephalus: http://www.ryggmargsbrokk.org/data/f/0/04/60/4_2401_0/hefte.pdf

Thomas Moss - Chasing mosquitos in his room

Posted by Mswati at 22:13:34 | Permanent Link | Comments (2) |

Tuesday, September 04, 2007

Ischi!

Ok, det vert nok ikkje skrive slik på amharisk, men ordet over tyder ”OK, alt bra, i orden” og vert bruka mykje. Det kan eg og gjerne gjere, for alt er OK.

Etter ei lang flyreise landa vi i går kveld. Eg bur for tida ved sjukehuset, og har det veldig bra her. I dag har eg  vore med på operasjonsstova. Dei komande dagane er håpet å kome i gang med prosjektarbeidet. Det går mot millenium i Etiopia. På flyet vart eg sitjande ved sida av ein etiopisk familie frå Noreg, som skulle feire i Etiopia. Svært mange kjem heim frå heile verda for å delta i overgangen til det nye milleniet, som skjer på datoen vi kjenner som 11. september.

No må eg få meg litt søvn. Det tek på å reise så langt.

PS! Ikkje ring meg på det norske mobilnummeret. Eg skal sjå om eg kan få til eit SKYPE opplegg.

 

Thomas Moss

- born in Africa, back in Africa

 

Posted by Mswati at 20:37:09 | Permanent Link | Comments (0) |
1 2