Dyrene i Afrika…
Etiopia er eit spesielt land på mange måtar. Folk flest har eit bilete av Afrika som inneber ville dyr og Safari. I land som Kenya og Tanzania har ein enorme nasjonalparkar (t.d. Masai Mara og Serengeti) og desse gjev gode inntekter i form av turisme.
I Etiopia har ein ikkje det same dyrelivet. Dyra er ikkje samla i parkar, og der er på langt nær så mange dyr. Køyrer ein nedover i landet, kan ein slumpe til å treffe ei og anna hyene langs vegen. Her kjem eg på ei historie eg høyrde frå nokre vennar. Eg har ikkje vore så mykje rundt i landet, så eg får bringe vidare det eg har høyrt. Dei var på tur til Tabor, ein skule som NLM driv, og skulle ut på såkalla hyenesafari. Denne gjekk til næraste søppelfylling, då ein på slike plassar, så å seie, er garantert å finne dei glupske latterfylde ”hundane”. Det var mørkt då dei kom fram til søppeldynga og i lyset frå bilen kunne dei skimte hyenane. Mange bilete vart knipsa, men, og her kjem sjølve poenget, på bileta kunne det berre skimtast lysande auger i mørkret. Kunne jo vore løver for den saks skuld;)
Elles var eg ute å køyrde med koreanarane her om dagen då vi kom til å passere ein verkeleg vakker solnedgang. Eg byrja å stresse med å få fram kamera og prøve å forevige det heile. Då er det at sidemannen min seier: ” Don’t panic. You’ll just get it on he way back”. Så tenkte han over kva han hadde sagt og vart verkeleg flau. Her snakkar vi verkeleg om ein solnedgang av klasse, og ”on the way back” ville seie tre timar seinare, altså i stummande mørke…
I går gjekk turen til eit av fjella som omkrinsar Addis Abeba. Her enda vi opp i frodige åkrar, blant smilande folk, som viste oss vegen når vi hadde gått oss vill. Ein flittig kar, som stod og jobba då vi passerte, såg noko forundra opp og spurte: ” Har de verkeleg ikkje sykkel? Ikkje ein gong ein hest?”. Han tykte tydelegvis at det var rart med utlendingar til fots.
På vegen passerte vi fleire små hytter. Desse ligg samla i små sirklar, ofte med eit lite gjerde rundt. Oppe i høgda over Addis budde folk verkeleg idyllisk. Vi kom i snakk med nokon som hadde flytta opp hit frå storbyen. Dei hadde det betre her enn i byen, med eigenprodusert mat i åkeren. På vegen møtte vi og på joggarar. Mange joggarar. Høgda er på omkring 2800 m.o.h, og treningseffekten er nok god;) Når vi likevel har snakka om dyr, og mangel på desse, har eg lyst til å ta med nokre ”visste du at” som eg fant i eit lokalt blad:
Visste du at…
…løva er den einaste i kattefamilien med ein dusk på haletippen? Løvetunga
er dekka av grove papillar, som vert brukte til å skrape kjøtt av beinet med. Nokre få ”løveslikk” er nok til å flå ei menneskehand…
etter elefanten si diett og migrasjon som går tilbake eit år eller meir. Forskarar har funne at plantar set igjen forskjellige kjemiske spor i elefanthåret!
På vegen passerte vi fleire små hytter. Desse ligg samla i små sirklar, ofte med eit lite gjerde rundt. Oppe i høgda over Addis budde folk verkeleg idyllisk. Vi kom i snakk med nokon som hadde flytta opp hit frå storbyen. Dei hadde det betre her enn i byen, med eigenprodusert mat i åkeren. På vegen møtte vi og på joggarar. Mange joggarar. Høgda er på omkring 2800 m.o.h, og treningseffekten er nok god;) Når vi likevel har snakka om dyr, og mangel på desse, har eg lyst til å ta med nokre ”visste du at” som eg fant i eit lokalt blad:
Visste du at…
…løva er den einaste i kattefamilien med ein dusk på haletippen? Løvetunga
er dekka av grove papillar, som vert brukte til å skrape kjøtt av beinet med. Nokre få ”løveslikk” er nok til å flå ei menneskehand…
…elefanten si vandring kan følgjast i elefanthalen? Eit elefanthår veks mellom 0,04
og 0,11 cm pr. dag og blir opp til 50 cm. langt. Eit enkelt hår inneheldt sporetter elefanten si diett og migrasjon som går tilbake eit år eller meir. Forskarar har funne at plantar set igjen forskjellige kjemiske spor i elefanthåret!
Thomas Moss
- “og alt de har å gjøre.”