Friday, October 19, 2007

Braincare Ethiopia

Under opphaldet mitt her i Etiopia, har eg fått god kjennskap til ”Braincare Ethiopia”, stiftinga som står bak spesialist i nevrokirurgi, dr. Gabriel og kona (sjuepleiar) Liv Kristin. Føremålet for stiftinga er å byggje opp eit nevrokirurgisk tilbod i landet.

Dersom du vil lese meir kan du gå inn på følgjande internettside:

http://
www.braincare-ethiopia.org

Der kan du lese meir om den medisinske kvardagen, sjå bilete m.m.

Om du vil gje ei gåve til arbeidet er det moglegheit for det på følgjande side:

http://www.braincare-ethiopia.org/stott-oss


Kroner du måtte ha til overs vert tekne i mot, og går ikkje berre til å hjelpe einskilde menneske, men til å byggje opp eit tilbod og ein kunnskap som kan vere til hjelp for eit land rangert av FN som eit av dei minst utvikla i verda. Dette gjeld på alle områder, ikkje minst helse.  
 
Idealistar står bak arbeidet, og det er verdt å støtte!


Thomas Moss  

Posted by Mswati at 16:01:13 | Permanent Link | Comments (35) |

Thursday, October 18, 2007

Møte med ein konge


  Her om dagen gjekk eg visitt saman med Dr. Gabriel. Brått seier han: ” No skal de få møta ein konge.” Eg trudde han tulla, og då vi sette kursen mot sjukehusdirektøren sitt kontor tenkte eg at det kanskje var direktøren sjølv som var ”kongen”.

                    Eg tok feil. Inne på kontoret sat det ein lys levande konge i full mundur. Kappe, gullsmykke, ringar og eit langt kvitt, kongeleg skjegg. Han var den øvste leiaren for ei av stammene i landet; det vil seie for over fire millionar menneske. No var han kome til Addis for å prøve å få koreanarane som driv sjukehuset her i byen til og å ta over eit sjukehus i området han regjerer over. Dette har stått nesten tomt i lang tid, og fungerer pr. i dag som eit lækjarkontor, fordi ein manglar personale og nokon til å drive sjukehuset. Eit lækjarkontor med god plass med andre ord..

                    Stamma som denne kongen representerer er fasinerande: Ho er faktisk den mest demokratiske i landet. Leiaren, dvs. kongen, får folket si støtte i ei folkerøysting, og kan då sitje på folket si nåde i åtte år, før ein ny konge kan veljast. Tittelen følgjer ikkje familiære band, så dette vert altså demokrati.

                    Kongen på kontoret sa ikkje så mykje sjølv. Han hadde med seg ein eigen sekretær som ordna det meste.
Slik gjekk det altså til at vi fekk audiens hos kongen; om enn ikkje den norske. Eller kanskje var det visitt?


Thomas Moss


- ”hoffreporter”
Posted by Mswati at 16:25:15 | Permanent Link | Comments (0) |

Saturday, October 06, 2007

Den oppskrytte hundenasa

Før eg tar føre meg den siste tidas hendingar vil eg dele dagens store høgdepunkt: Det store ”spring-frå-hunden” – løpet.

                                  Eg hadde vore på ein handletur nede i byen, og hadde sekken full av gode rundstykker og sjokoladepålegg; eit lite ekstralager av mat til å gomse innpå når eg inn i mellom er litt lei av det koreanske grøntforet (Dei et lite kjøtt samanlikna med norsk kosthold; i alle fall fam. Moss’ kosthold, og dei et så å seie aldri skiver eller brød, men no skal eg gje meg med å henge ut koreanarar, som eigentleg er eit ganske så hyggjeleg folkeferd ;o)

 

                         På veg til handlegata hadde eg teke ein slik stappfull liten minibuss som ein nesten ikkje betalar nokon ting for å ta: Prisen er ca. 50 øre pr. tur, men komforten er jo deretter. Inne i ein slik liten buss stappfull av folk byrjar ein jo i fellesskap å svette, og når ein er ute av bussen igjen har ein nok (for ei hundenase, som er 1000 gangar meir effektiv enn menneskenase ) ei slags rar lukt slik at det vert vanskeleg å skilje ”the good guys” frå ”the bad guys” for ein stakkars vakthund; og i ettertid trur eg det er dette som har blitt litt for mykje for hundnasa.

 

                          Tilbake til sykehuset tok eg taxi. Alt vel så langt. Så møtte eg på vakthunden Mary, som eg er byrja å tvile på er den bibelske utgåva, sjølv om namnet kunne antyd noko anna. Ho kom setjande mot meg i fullt firsprang og sette i å bjeffe noko så infernalsk. Det var tydeleg at eg ikkje var velkomen her i garden.  Eg tenkte at eg fekk prøve å gå ein annan veg, som fører meir direkte mot gjestehuset frå sjukehuset. Kanskje ein annan ”innfallsvinkel” på problemet kunne hjelpe, var tanken. Den gong ei. Mary kom springande igjen og denne gongen stoppa ho ikkje. Eg fant det best å springe eg og: Eg storma tilbake mot sjukehusdøra. I hovudet svinsa tanken: ” No får eg eit saftig jafs i leggen når som helst”. Avstanden var kanskje ikkje meir enn 20 meter, men vegen kjentes i augneblinken milelang. Eg heiv meg inn på sjukehuset, og møtte på ein gjeng innanfor døra som stod og lo seg skakk. Heldigvis kom det no folk ut og roa ned hunden og vi fekk til ei slags forsoning; Mary og eg.  

 

 

 

Dette var altså dagens action. Det vert spanande å sjå korleis forholdet til Mary utviklar seg vidare. Har planar om å skaffe meg ein slags ”eg er veldig snill, og absolutt ikkje nokon kjeltring” parfyme. Når eg joggar ute på sletta nedanfor sjukehuset møter eg mykje laushundar, og det var frå denne kanten eg hadde venta meg motstand og det som verre er.

 

Det heile kom altså frå uventa hald.

 

                       Elles har eg ikkje oppdatert på ei stund, rett og slett av tidsmangel, og litt fordi eg har ein tendens til å bli svært så trøtt på slutten av dagen (og på morgonen og for den saks skuld); kanskje har det med høgda å gjere.

 

                         Det er fleire høgdepunkt å ta av. Meskelfeiringa er eit av dei. Her i Etiopia står den ortodokse kyrkja sterkt, og folket er veldig religiøst. Derfor er og ein av dei største nasjonale  heilagdagane/festane i kyrkjeleg regi.

 

                           Denne kvelden hadde eg møtt på ei klasseveninne frå vidaregåande som er her i Etiopia på praksisopphald; Martha. Ho var saman med to andre veninner frå studiet sitt: Karoline og Annbjørg, og ei islandsk jente frå norskeskulen; Anna Lilja. Saman med ei lærarinne frå norskeskulen tok vi turen til Meskelsquare, der den store feiringa skulle gå føre seg. Eg, lur som eg er, hadde utstyrt meg bra med lommene fulle av pass, pengar og viktige papir. ”Ikkje tale om”, var lærarinne Toril sin fyrste reaksjon på dette. ”Det vert så mykje folk at du kjem ikkje til å kjenne om nokon er nede i lommene dine og forsyner seg”, var den vidare forklaringa. Ho skulle få veldig rett i dette.

 

                            Då vi kom ned til Meskelsquare var det eit enormt oppmøte av folk, fleire hundre tusen, og vi vart gåande i ei menneskemengde som vart tettare og tettare. Til slutt stod vi i ro. Og enno vart det tettare. Vi byrja og å kome i frå kvarande; drivne sakte men sikkert av ”folkemasserørsla”. Vanskeleg å forklare. Problemet var at halve delen av folkemengda ville eine vegen, mens ”vår” del ville andre vegen. Det var mange folk. Fleire tusen. Snart hadde eg ubehag med å puste. Eg ropa til dei som var nærast meg at vi måtte prøve å kome oss ut. Folkemengda var roleg, men skulle det oppstå ueinigheitar her inne kunne det heile lett ha utarta seg til ei trist historie.  Nokre meter lenger inne, i kontakt med ”motstraums” folkemengda, reiste det seg opp ein mur med eit gjerde på toppen. Bak dette gjerdet var det skog og mykje mindre folk; altså ei potensiell redning. Eg let meg ”drive” inn i ”motstraumsfolkemengda” og inn mot gjerdet. Her vart eg raskt hjelpte opp av hyggjelege etiopiarar som skjøna ein stakkar nordmanns klaustrofobiske kjensle. Anna Lilja og Karoline følgde hakk i hæl. Saman med nokre etiopiarar fekk eg og hjelpt dei opp til gjerdet, og inn i skogsområdet. Her møtte vi resten av gjengen. Martha og Annbjørg hadde ganske tidlig blitt skilt frå oss andre til den motsette sida av folkemengda og hadde ikkje moglegheit til å nå gjerdet. Dei hamna opp mot nokre politisperringar på andre sida av vegen. Utruleg nok kom det ein flott oppkledd mann i dress og slips. ”Desse jentene må få sleppa forbi”, byrja han å diskutere med politiet. ”Forengis” vert generelt godt behandla. Denne ukjente, dresskledde, vart altså helten og redninga. Så forsvann han like raskt som han dukka opp. I folkehavet. I skogen stod eg på dette tidspunktet og sjekka at alle ekstremitetar, kamera og viktige papir var på plass.

 

                         Kvelden vidare vart ei oppleving. Eit fyrverkeri av klasse, prestar som dansa, og til slutt vart eit stort bål fyrt opp midt på plassen. Meskel vert feira for å minnast soga om dronning Eleni som hadde ein draum. I draumen vart ho fortalt at om ho laga eit  bål, ville ho finne Jesu kors i den retinga røyken frå bålet gjekk. Soga seier at ho gjorde dette, og fann krossen nær Jerusalem. Grunnen til at dagen vert feira så stort i Etiopia er at ein meiner at ein bit av ”The true Cross” vart frakta frå Egypt til Etiopia, og no vert bevart ved Amba Geshen. Meir om dette kan lesast på wikipedia. Spanande historie!

 

http://en.wikipedia.org/wiki/Meskel

 

http://en.wikipedia.org/wiki/Amba_Geshen

 

                      I morgon er det igjen kyrkjetid. Eg går i IEC. International Evangelical Church. Svært gode taler av pastoren med namnet eg ikkje klarar gløyme: ”Bill Black.” Eg har seinare og oppdaga at CNN’s London reporter heiter det same. Rart kva som vert sitjande hjå dei små grå..

 

Thomas Moss

 

- ”There’s something about Mary” ;) 

 

Posted by Mswati at 20:35:08 | Permanent Link | Comments (1) |

Kjære ventrikkel

Kjære ventrikkel, kva har eg gjort gale

Som gjer at du er så ute av lage?

Salat og tomat så flotte på fat,

Vips er det gjort,

Eg gløymer meg bort.

Etter deg kjem det 8 meter med tarm,

Kanskje e’ det kje’ du, men hr. Tarm som e’ harm?

 

Kjære hr. Tarm, ikkje ver harm,

Eg lovar heretter på tru og på ære,

niks komma null meir salat,

no tek eg affære.

Og ein ting til hr. Tarm:

 

Ventrikkel er uskuldig

Han gjer ikkje anna,

Enn å ta imot det som ned måtte hamna,

Må de begge leve som vennar der nede,

Så skal eg skaffa dykk arbeid og glede.

Beste helsing

Thomas

- ”the Man in charge”

 

Posted by Mswati at 15:10:38 | Permanent Link | Comments (0) |