Kaffiens heimland
Stod opp 07.30 for å finne ut at det var heilt umogleg å kome seg inn på badet. Døra var gått i vranglås. Uvaska og ubarbert gjekk eg på morgonmøte i kapellet. Eg kan ikkje seie at eg hadde ei heilt god kjensle. Denne karen treng ein kald dusj for å vakne…
Møtet vart avslutta med ein kaffikopp som var svært god. Etiopisk kaffi med mjølk i. Hugsar ikkje namnet her og no, men skal finne det ut.
Etter morgonmøtet fekk eg tak i ein som hjelpte meg med toalettdøra. Han hadde ein eller anna vidunderspray som han spraya eit spray inn i nøkkelholdet med, vips så hadde eg tilgang til toaletthimmelen. Tannpuss, dusj og det som høyrer med. No bar det rett til sjefen for helsestasjonane i Addis, berre det at han ikkje var tilstades på kontoret. Det vart altså vendereis med uforretta sak, men vi har fått avtalt ei nytt møte på måndag.
Eg har kanskje ikkje nemnt at eg oppheld meg i kaffien sitt heimland. Kaffien her er enormt god! Kaffibønene vert mala på bordet, og går rett i kaffitraktaren.
På ettermiddagen ville eg prøve å skaffe meg eit etiopisk simkort til mobiltelefonen, slik at det vert litt billegare å ringe både lokalt her, og til Noreg (bli oppringt frå Noreg). Det er ganske mykje byråkrati her, og for å få dette måtte eg levere inn kopi av pass, med underskrift frå sjefen på kontoret. Han var ikkje til stades, og eg må derfor kome tilbake seinare.
I kveld sat eg barnevakt og fekk samstundes eit lynkurs i amharisk, så no kan eg seie dei enklaste orda, og litt meir avanserte setningar som til dømes ”eg skal ha toalettpapir” (”Jeshimtebet warrekatt alle”) (Det siste ordet betyr to ulike ting alt etter om ein går opp eller ned i tonefall i siste ledd. Eg har vs. eg skal ha.). Eg kan og telje til titusen ( I teorien).
Chiao (Hade)
Thomas Moss
- Now with an open toilet