Ny blome
Addis Abeba tyder dette, ny blome. Den er oppkalt etter ei dronning som kom hit for ca. hundre år sidan. “Her vil eg byggje og bu” tenkte ho. Vips. 100 år seinare er det over 4-5 millionar innbyggjarar, heilt enormt med trafikk og yrande liv.
Dagen i dag kort oppsummert: Operasjonsstova - immigrasjonskontoret - Sheraton hotell for Birruttak - liten rundttur i sentrum - tilbake til immigrasjonskontoret - tilbake til sykehuset. PCarbeid. Senga neste:)
Ellers skal vi møte sjefen for helsestasjonane i morgon og kanskje kome i gang med prosjektet. Det mykje refererte til “prosjektet” går altså ut på å lage ein referanse for hovudomkrinsutvikling her i Addis. Dette er for å kunne behandle hydrocephalus på eit tidleg stadium. Det finst mange born her med langtkomen hydrocephalus. Ei god side om hydrocephalus: http://www.ryggmargsbrokk.org/data/f/0/04/60/4_2401_0/hefte.pdf
Thomas Moss - Chasing mosquitos in his room
Spennande å følga med deg her, Thomas!! =)Godt du “chase” musquitoane så de ikkje får gått t angrep på deg
Kjekt du finn deg tilrette Thomas, back in Africa. Det vert rart å ikkje sjå deg på fleire månader, men me gler oss med deg når du har det bra.
Her er d regn,regn,regn..
Klem mammo